torsdag 5. mars 2009

Ny dag, ny oppdaging

Today I've been to Odda with my fam. Skikkeli familytrip altso!
Men kos va da:D
Forutan om å styra bilen på "utflukta", hadde eg som mål å få kjøpt meg permar, mapper, notatbøker og så bortetter i den dur....(til framtidig arkiv for alt som heiter papir og rot på rommet mitt...:P) Det førstnemnde; som var å vera sjåfør for "saken" blei det ikkje noko av... Eg styrte heller radioen frå passasjersida. Det andre nemnde fekk eg fiksa, men ikkje arbeidet som følgjer med; nemleg å plassera rotet i eit system i det nyinnkjøpte...:s Men eg skal få ein dag i morgon....("du skal få ein dag i morgon")... til å gjera dette på: Det er i allefall det som er planen!
Som mål hadde eg også å la vera å bruka pengane eg IKKJE har på ting/klede eg kan klara meg forutan(men som er vanskelege å motstå...) ÅG: Eg klarte det jammen santen :O....!!!!!
No ska eg busselalla. Men fyst: I Odda hadde butikken Smelt som tidlegare har låge plassert nede i Odda Sentrum blitt KRAFTIG fornya og forflytta til NYE, EKSTREMT flotte lokaler øvst i gågata(i gamalt industribygg). No tilbyr dei ikkje berre kule interiør- og designgjenstandar, men også lunsjrettar og kaffi. NAM NAM. Eg kjem tilbake med heimesideadresse, for det skulle visst staden få.

Ingen kommentarer: