Eg har i ei årrekkje vore plaga med hovudverk.
No må det seiast at desse plagane har trappa seg ned. Men så kom eg no tilfeldigvis over dette produktet i mitt daglege søk på internett her ei tid tilbake;
og tenkte som så: Jaja, det kan ikkje skada å prøva eit produkt som det vert hevda skal lindra/forhindra hovudpine. Dessutan: No har eg også råd til å testa det ut(vel og merka tenkte eg dette ei tid tilbake i fortida...) Det enda med at eg bestilte meg eit "eksemplar", som er så nytt at eg endo ikkje har fått testa det ut. Men det skal likevek seiast nokre positive ting om dippedutten(kalla AcuFriend):
* Den er skjønn!!! Både etuiet den ligg i(*finare enn ein Ipod!!!) og hovud-plage-lindraren sjølv!
* Dama / mannen bak produktet(hugsar ikkje sikkert kjønn) var med på Skaparen på tv2 med AcuFrienden sin, og det er etter dette, produktet er blitt vidareutvikla.
* AcuFrienden er ikkje eit medikament, men eit naturleg hjelpemiddel til kvar og ein som slit med hovudplagar(dvs. ingen dokumenterte biverknadar = skadar oss ikkje) Er ikkje dette fantastisk???! Men berre om den skulle hjelpa oss då sjølvsagt!
Eg kjem tilbake med eigne testresultat seinare. Enn så lenge kan du jo sjølv gå inn på heimesida til produktet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar