onsdag 16. juli 2008

Ja, det er verkeleg sommar!

Eg sa ei tid tilbake at eg var glad for å vera "heimkomen" frå France. Eg er ikkje like sikker lenger...:S Været viser verken passelege temperaturar, eller det "karaktiristiske" for sommaren; sol, is-etande menneske, badande ungar, grillande familiar elle andre sånne TYPISKE sommarting!!!
Etter eit besøk hos Kjersti på Husnes i dag, køyrde eg heim, med store vanskar å sjå vegen framføre meg. Regnet plaska opp frå bakken(i motsatt retning av der det skal fara...)
Eg lengtar attende no ja, til Cannes! Så eg sleng med nåken djupt sakna bilete, med tanke på været her nord.....




søndag 6. juli 2008

Attende!

Etter ei alt for varm, men likevel flott veke i Cannes er eg no attende i heimlege trakter og i full "vigør" på aldersheimen. Pleier dei gamle, å da e kjekt:D
Skal snart "råna" inn t Maggi, for å planlegga siste rest av den kommande "Englandsturneringa" vår. Lookin` forward! :D :D :D

PS. Du e vel nøgd no Espen?! For eg har ikkje glømt da eg sjøl sa, om å oppdatera bloggen min i ny og ne:P

fredag 13. juni 2008

Medieeksamen ut av verda for godt!

I dag: FREDAG den 13(*merk deg datoen), va eg: Kaia oppe i medieeksamen. Og eg som ikkje trudde det skulle gå fint, tok feil. "Eventyret enda godt" Så no e da ei go helg på gong, forhåpentlivis ingen munnli eksamen i vente på måndag, og så e da ferie, ferie, å atter FERIE:D :D :D å ALDRI meir medieeksamen:D
Da ska bli herli å komma seg t Cannes å ned t da fina været!!
Kaia looks forward:)

søndag 8. juni 2008

Inne-ver

Så kom dagen, dagen der veret skulle skifta! Frå alt for varmt til litt for kaldt.
Heldi for meg kom ikkje "hauststormen" før utpå dagen i dag.
I natt sov eg nemli ute. Hadde vore lite KJEKT å fått seg ein DUSJ midt på natto:S
Sjølv om eg kanskje hadde tronge da:P

søndag 1. juni 2008

Eg bur i eit fantastisk eventyr!

I dag, men forsåvidt óg dei andre siste dagane har da vore vel 27 grader celsius i Rosendal:o !!!!
Heilt fantastisk, om ikkje alt FOR fantastisk!!! Eg dåne...
Da e jaffal heilt fantastisk(*som dåke sikkert allereie har forstått..)Men om da vare e ei anna sak...:S
I dag har da óg lege ein DIGER, eg gjentar DIGER yatch i "havnebassenget".
Ska visstnok vera verdt 70 milliona euro, nåke so tilsvare vel EIN HALV MILLIARD NORSKE KRONER!!!!
Da e felt å tenka på at ein sånn båt, som for eigen del hadde vore ein draum å BU på, for rikingar berre vert nytta ein sjeldan gong/i feriane. Forutan om har dei SIKKERT hus og leilighetar ikkje berre ein stad, men i alle verdshjørner... Eg blir misunneli. Samstundes tenke eg på kor fint eg har da her i da eventyret eg bur i(*som pappa pleie sei!)

torsdag 29. mai 2008

Er Hordaland verdas største fylke? og Abstrakt kunst på handa!

I dag hadde eg nok ein innhaldsrik dag på skulen.
Eg skreiv så det susa. Og venstrehendt som eg e blei det mykje dritt på handledda mine... Æsj å fysj! Kan sjåast på som abstrakt kunst. Abstrakt kunst "Made by Kaia"
(*skikkeli fengjande!)
I tillegg har eg hatt nok ein dag me masse høyreproblem... Kven andre enn meg er det eigentleg som trur Hordaland e verdas største fylke...:P trur da egentli ikkje eg heller. Men hørte SOM VANLI feil! (*SJOKK)

Btw. Den abstrakte kunsten er tyvær ikkje for sal!

onsdag 28. mai 2008

Eg må på do

Eg må på do. Men eg gidda kje gå! Latskap på høgt nivå - da e meg da!